Program 2019 – 2023

FYLKESPROGRAM VESTLAND FRP 2020-2023

 

1          INNLEIING

Samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestland, fører på godt og vondt til endringar, både i den fylkeskommunale forvaltninga, men og for innbyggjarane. Vestland FrP er oppteken av at endringane skal gjere fylkeskommunen og tenestetilbodet betre. Men då betyr det mykje kven som har fleirtal på Fylkestinget i Vestland etter valet.

Vestlandet har alltid hatt potensiale til vekst og verdiskaping, og dette potensialet vert berre større og større i framtida. Vestland FrP er oppteken av at verdiar må skapast før dei kan brukast, og difor vil tilrettelegging for næringslivet og innbyggjarane i form av viktig infrastruktur, kollektivtransport, opplæring, fritidstilbod, teknologiutvikling og andre viktige tenestetilbod være avgjerande.

Vestland FrP meiner at ein ny fylkeskommune gjev oss høve til å sjå på korleis vi organiserer fylkeskommunen på nytt, for å finne den mest mulig effektive og beste måten å forvalte innbyggjarane sine verdiar på. Ressursane skal først og fremst nyttast på gode tenester til innbyggjarane, ikkje til høge politikarløner og unødig stor administrasjon. Om private verksemder eller ideelle organisasjonar kan bidra til å gjere tenestene både meir effektive og betre, så vil Vestland FrP være positiv til det.

Politikarane skal ikkje styre innbyggjarane og verksemdene i Vestland fylke, men skal være viktige bidragsytarar i form av tilrettelegging, effektive plan- og søknadsprosessar, Ja-haldning, samt gode og tenlege fylkeskommunale tenester. Vi vil spele på lag med alle som er oppteken av å ta Vestland inn i framtida med alle dei moglegheitene den bringer med seg.

Vestland FrP er oppteken av valfridom. Det er heilt naturleg for oss at elevane i vidaregåande opplæring sjølv bestemmer kva utdanningsval og skule dei vil gå på, heller enn at politikarane definerer framtida til kvar enkelt elev. Difor er fritt skule- og utdanningsval eit krav frå Vestland FrP, slik det og er frå elevane sjølv.

Trivsel og bulyst skapast ikkje av politikarane, men den skapast i all hovudsak av det frivillige idretts- og kulturlivet. Vestland FrP vil spele på lag med og styrkje dei frivillige organisasjonane og alle dei tusenvis av frivillige som kvar einaste dag står på for å skape opplevingar og trivsel for folk i alle aldrar.

Som politikarar og samfunn må vi tørre å tenke nytt, både for å forbetre oss og være framtidsretta. I programmet vil du finne ei rekkje nye og framtidsretta framlegg for å styrkje Vestland og betre kvardagen til innbyggjarane. Fleksibel studietid for elevane i vidaregåande opplæring, meir effektiv vegbygging, korleis Vestland kan legge til rette for og få fleire av framtidas superstjerner innan e-sport, lågare bompengar, og ei lang rekke andre.

Verdiskapingsfylket, Opplæringsfylket, Kulturfylket, E-sportsfylket, Vekstfylket, Naturfylket, Trivselsfylket, Fjordfylket, Turistfylket, Kraftfylket, Miljøfylket, Næringsfylket. Uansett kva fylke du vil bu i, så vil Vestland FrP og våre representantar gjere vårt beste dei neste 4 åra for at du skal få gjere nettopp det.

 

1.1 Ideologisk grunnlag

Framstegspartiet er eit liberalistisk parti. Det byggjer på Norges grunnlov, norsk og vestlig tradisjon og kulturarv med basis i det kristne livssyn.

Framstegspartiet sitt hovudmål er sterk nedsetting av skattar, avgifter og offentlege inngrep.

Det fundamentale i FrP sitt samfunnssyn er trua på og respekten for det einskilde  menneske sin eigenart og retten til å bestemme over eige liv og økonomi. Saman med familien og den private eigedomsretten er einskildmennesket det grunnleggjande i samfunnet.

FrP tek sterk avstand frå forskjellsbehandling av menneske basert på rase, kjønn, religion og etnisk bakgrunn.

 

1.2 Offentleg sektor

Framstegspartiet er prinsipielt for ein 2-nivåmodell i den offentlege forvaltninga, kommunar og staten. Vi meiner fylkeskommunen representerer eit unødvendig og fordyrande mellomledd i eit land med 5 millionar innbyggarar.

Stortingsfleirtalet har i regionreforma likevel slått fast at fylkeskommunane skal bestå med vidaregåande skule, kompetansepolitikk, samferdsel, kollektivtilbod og regional utvikling som sine viktigaste ansvarsområde.

Vestland FrP vil derfor arbeide for at den nye fylkeskommunen leverer best mulig tenester til innbyggarane på desse områda.

Vestland FrP meiner at Fylkesmannen, som statens representant i Vestland, har fått alt for stor makt. Fylkesmannen skal ikkje overprøve kommunen og fylkeskommunen i saker der folkevalde har brukt politisk skjønn, til eksempel innan arealforvaltning. Vestland FrP meiner at Fylkesmannen sitt mynde til å overprøve politiske vedtak må avgrensast til å drive lovlegheitskontroll.

Vestland FrP vil:
  • at så lenge fylkeskommunen eksisterer i si noverande form skal fylkeskommunen si verksemd konsentrerast om primæroppgåvene innan vidaregåande opplæring og samferdsel.
  • arbeide for å redusere Fylkesmannen si overprøving av kommunane i plan- og byggesaker.
  • at Vestland fylkeskommune heller ikkje skal opptre som ein overkommune basert på regionale areal- eller temaplanar
  • arbeide for at Vestland fylkeskommune skal bli språkleg nøytral.

 

2          NYTT FYLKE, NYE MULIGHEITER

2.1 Effektiv forvaltning

Føresetnaden for at fylkeskommunen kan levere gode tenester til innbyggjarane er at ein sikrar økonomisk handlingsrom gjennom mest muleg effektiv drift. Vestland FrP vil arbeide for å halde kostnader til administrasjon og forvaltning på eit lågast muleg nivå, dette gjeld og leiarløner og godtgjersler til politikarane.

Vestland FrP vil ha ein kritisk gjennomgang av korleis tenestene i fylkeskommunen vert drifta, og ha årlege effektiviseringsmål for dei enkelte einingane i fylkeskommunen.

Vestland FrP vil auke bruken av konkurranseutsetting av varer og tenester i fylkeskommunen for å betre effektiviteten og kvaliteten blant anna innanfor drift og vedlikehald av fylkeskommunale bygg og eigedommar.

Vestland FrP vil ha ein innkjøpsstrategi og eit innkjøpsregelverk som bidreg til meir lokal handel for å styrkje lokalt næringsliv, samstundes som ein tek vare på dei overordna prinsippa om konkurranse. Innkjøpsstrategien skal særleg skjerpast med tanke på arbeidet mot sosial dumping, arbeidslivskriminalitet og korrupsjon.

Vestland FrP vil:

  • redusere kostnadane til administrasjon.
  • ha årlege effektiviseringsmål for alle einingane i fylkeskommunen.
  • auke bruken av konkurranseut0setting.
  • handle meir lokalt innanfor rammene av innkjøpsregelverket.
  • skjerpe arbeidet mot sosial dumping, arbeidslivskriminalitet og korrupsjon.

 

2.2 Eigarskap

Offentleg eigarskap av verksemder må avgrensast, og det er eit mål for Vestland FrP å byggje ned det offentlege eigarskapet gjennom sal av eigarpostar.

Vestland Fylkeskommune kjem til å ha eigarskap i fleire titals aksjeselskap. Vestland FrP er restriktive til offentleg eigarskap i næringslivet. Slikt eigarskap gjer ein unødig risiko med offentleg kapital, samt kan gje urettvis konkurranse for private bedrifter.

Vestland FrP vil ta initiativ til å fusjonere nettselskapa på Vestlandet for å sikre større nettryggleik, betre samfunnsberedskap, meir heilskapleg og rasjonell utbygging og drift av straumnettet. Dette vil og utjamne nettleiga for forbrukarar og næringsliv, og føre til betydeleg lågare nettleige for store delar av nettkundane.

Der ein framleis har eit fylkeskommunalt eigarskap, må dei som representerer fylkeskommunen i bedriftsstyret ha relevant kompetanse og erfaring frå styreverv i kommersielle firma og ikkje veljast ut i frå politisk tilknyting.

Vestland FrP vil:
  • ha ei restriktiv haldning til fylkeskommunal eigarskap i aksjeselskap
  • nytte andre verkemiddel enn eigarskap i aksjeselskap til næringsutvikling
  • fusjonere nettselskapa på Vestlandet

 

2.3 Personalpolitikk

Dei tilsette er fylkeskommunen sin viktigaste ressurs, og ein god personalpolitikk er avgjerande for å kunne levere gode tenester til innbyggjarane. Kompetanse er vår viktigaste kapital, og vi har tru på verdibasert leiing der mynde og ansvar vert delegert ut i organisasjonen basert på eit felles fundament med visjon, misjon og verdiar. Vi legg vekt på heiltidskultur, kontinuerlig etter- og vidareutdanning og respekt for kvarande sine rollar.

Fylkestinget har den øvste arbeidsgjevarrolla i fylkeskommunen, og det er viktig at politikarane held seg oppdatert på forholda for dei tilsette, og er tydelege på kva overordna strategiar og føringar som skal ligge til grunn i arbeidsgjevarpolitikken. Tiltak for å hindre sosial dumping, gode og kjende varslingsrutinar, gode vilkår for verneomboda og tiltak for å halde sjukefråværet lågt er eksempel på slike strategiar og føringar.

Vestland FrP vil difor legge til rette for eit godt trepartsamarbeid mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde for å sikre samhandlinga i organisasjonen.

Vestland FrP vil:
  • Tilsette fylkeskommunale toppleiarar på åremål.
  • At tilsetting i fylkeskommunen skjer på bakgrunn av kompetanse, og ikkje av omsyn til kjønn, etnisk bakgrunn, organisasjonsmesseg tilknyting e.l. FrP går difor i mot ei kvar form for kvotering.

 

 

3          TRANSPORT OG KOMMUNIKASJON

God kommunikasjon og infrastruktur er eit prioritert område for Vestland FrP. Vi meiner at eit framtidsretta nærings- og arbeidsliv, med ein arbeidsstokk som bur og trivst i Vestland, er avhengig av at det er enkelt og trygt å ta seg fram både i og til fylket.

Transport og kommunikasjon er eit samspel mellom både stat, fylker, kommunar, private bedrifter og kvar enkelt innbyggjar. Fylkeskommunen har eit stort ansvar, då både fylkesvegar, kollektivtransport, breiband, rassikring og ei rekke andre forvaltningsoppgåver ligg til fylkeskommunen. I tillegg er fylkeskommunen ein viktig aktør i å påverke statlege myndigheiter sine avgjersler knytt til transport og kommunikasjon i Vestland.

 

3.1 Kollektivtransport

Vestland FrP vil understreke behovet for eit godt og saumlaust kollektivtilbod, og meiner difor at fylkeskommunen skal ha ansvar for å organisere kollektivtransport i heile fylket. Buss, båt og bane åleine kan ikkje gje eit fullverdig transporttilbod. FrP reknar og taxinæringa som ein del av kollektivtilbodet. På same måte må personbilen være ein del av det totale transportsystemet. Vestland FrP vil difor ikkje sette desse opp mot kvarandre, men arbeide for at det skal være eit reelt val mellom privat bilbruk og kollektivtransport.

3.1.1 Organisering

Vestland FrP vil nytte Skyss til å organisere kollektivtransporten i heile Vestland fylke. Ein må likevel sikre at Skyss er organisert på ein mest muleg effektiv og optimal måte for å handtere oppgåvene. Ressursane skal i størst muleg grad nyttast til gode tilbod, og i minst muleg grad til administrasjon. Skyss må også sikre kundeperspektivet i alle ledd i organisasjonen og ha god dialog med kundar og kommunar.

Vestland FrP vil:
  • nytte Skyss for å organisere kollektivtransporten i Vestland
  • ha ei mest muleg effektiv og optimal drift av Skyss

 

3.1.2 Buss

Fylkeskommunen bruker store resursar på rutekjøp av bussar.  Vestland FrP meiner at det er viktig med god resursutnytting, der ein har universelle krav til bussmateriell i alle delar av landet, slik at materiellet kan nyttast effektivt, også etter at ein anbodsperiode er over. Rutene vil då kunne verte rimelegare å drifte. Ein må og sette opp ruter slik at dei vert fornuftige og brukarvenlege for publikum.

Det er ein vesentleg forskjell på busstilbodet i og rundt Bergen, og tilbodet i resten av fylket. I Bergensområdet kan og bør bussrutenettverket styrkast for å gje endå betre tilbod til innbyggjarane, slik at fleire kan nytte buss som transportmiddel. I andre delar av fylket vil hovudvekta av busstilbodet knytte seg til skuleskyss, kommersielle ekspressbussar og nokre lokale ruter og ringbussløysingar.

Vestland FrP vil prioritere buss som primær kollektivløysing i Bergensområdet, og vil utvide dagens tilbod. Gjennom anbod og konkurranse mellom fleire aktørar, der ein samstundes stiller krav om nullutsleppsløysingar, vil ein kunne oppnå eit godt effektivt og miljøvenleg kollektivtilbod i regionen.

Gjennom god dialog med kommunane og kundane, vil Vestland FrP at og busstilbodet i resten av fylket skal være best muleg. Blant anna vil vi sjå på korleis korrespondansen mellom bussar og andre kollektivsystem som fly, hurtigbåtar, ferje og bane kan betrast. Samstundes vil Vestland FrP styrke regulariteten, spesielt på kveld og helger, samt støtte oppretting av ruter som gjev god samfunnsøkonomisk gevinst, blant anna ringbussløysingar og pendlarruter i og inn til regionssenter.

3.1.3 Bane

Vestland FrP vil prioritere dei driftsformene som gjev best kollektivtransport og miljøforbetring i forhold til kostnad. Bybanen i Bergen kan være eit godt tilbod for dei som bur eller er lokalisert nærast traseen, men kostnaden med investering og drift er langt høgare og tilbodet er totalt sett dårlegare enn med eit tilsvarande bussalternativ.

Vestland FrP vil fullføre allereie påbyrja prosjekt for Bybanen, men vil ikkje være med på å starte fleire. Områder som ikkje har bybane, som Åsane, løysast gjennom betre busstilbod. Eit velutvikla bussalternativ med høg frekvens, moderne materiell og eigne busstrasear vil gje eit langt betre tilbod til heile regionen.

3.1.4 Hurtigbåtar

Fylkeskommunen lyser ut anbod på hurtigbåtruter i fylket. Vestland FrP meiner at desse gjev gode tilbod til folk i fylket, særleg langs kysten og på visse strekningar i fjordane. På kysten er næringsliv og skuleungdom avhengige av hurtigbåtar som transportmiddel, og hurtigbåtane på kysten fungerer også som tilkomst til flyplassar. Vestland FrP ønskjer å vidareføre ordninga med eit fylkeskommunalt minstetilbod med båt, der kommunane kan nytte opsjon på å auke tilbodet.

Vestland FrP vil:
  • Vidareutvikle og satse på hurtigbåtruta Nordfjord – Bergen, samt betra korrespondanse mot Sunnhordlandruta.
  • Behalde båtskysstilbod til stadar der det ikkje finst transportalternativ
  • Planlegge for å forlenge ruta nordover mot Ålesund når Stad Skipstunell står klar
  • Stimulere til utvikling av hurtigare og meir miljøvenlege båtar en i dag

 

3.1.5 Ferje

Fylkeskommunen har ansvar for anbod der det går ferjer på fykesvegstrekningar. Ved utlysing av anbod må ein prioritere krav til reduserte utslepp, tryggleik, kapasitet og driftssikkerhet i kommande anbodsprosessar. Gammalt ferjemateriell skal erstattast av moderne nybygg. Vestland FrP er positiv til både gass-, hydrogen-, og elferjer der dette er økonomisk og driftsmessig forsvarleg. Vestland FrP ser at innføring av nytt billettsystem på ferjer frå passasjer til bilbetaling (Autopass) har nokre uheldige konsekvensar. Ein vil søke å finne løysingar for å minimere desse konsekvensane.

3.1.6 Flyruter

Eit godt flyrutetilbod er ofte livsnerven for lokalt næringsliv sin muligheit til å skape lokale arbeidsplassar i heile fylket. Fylkeskommunane har overtatt ansvaret for kjøp av flyruter på det regionale kortbanenettet. I Vestland har vi fem flyplassar på kortbanenettet der rutene på to av lufthamnene er kommersielle, og tre har offentlege rutekjøp til Bergen og Oslo. Vestland FrP er positiv til at selskap finn det lønsamt å trafikkere dei regionale lufthamnene, og vil jobbe for å få eit endå betre kommersielt rutetilbod. Samstundes er Vestland FrP tydeleg på at ein må nytte offentleg rutekjøp for å sikre at lufthamnene har eit godt nok tilbod, med god frekvens og overkommelige prisar der ein ikkje finn grunnlag for å løyse dette med kommersiell drift.

Vestland FrP er og positiv til at lufthamnene i Vestland vert utvikla vidare i regi av Avinor, og vil vurdere mogligheita for å etablere ein eksportflyplass med vekt på fiskeeksport ved ei utviding av lufthamna i Florø.

3.2 Fylkesvegar


Fylkeskommunen har ansvar for investering, drift og vedlikehald av eit mange tusen kilometer stort fylkesvegnett. For mange er dette skuleveg, pendlarveg eller næringsveg. Vestland FrP er oppteken av at fylkeskommunen skal være ein god vegeigar, og sikre at Vestland er eit fylke det skal være trygt og enkelt å ferdast i og til.

 

3.2.1 Organisering

Fylkeskommunen skal etter 01.01.2020 overta heile drifts og fagansvaret for fylkesvegane, også det som i dag ligg til Statens Vegvesen i form av sams vegadministrasjon. For Vestland FrP er det viktig at arbeidet med fylkesvegane vert organisert på ein effektiv måte, samstundes som oppgåvene vert utført med god kvalitet og høg fagleg kompetanse på dei tilsette.

 

3.2.2 Vedlikehald

Vedlikehald av vegane er vel så viktig som nyinvesteringar, og Vestland FrP vil prioritere drift og vedlikehald av fylkesvegnettet før investeringar i nye vegar. Det er likevel viktig at vedlikehaldet vert utført mest muleg kostnadseffektivt.

Vestland FrP vil vidareføre dagens ordning med funksjonskontraktar med private aktørar for drift av fylkesvegnettet. Ein vil stille spesifikke krav til tilbydarane med tanke på utstyr og kvalitet.

Vestland FrP har ei målsetting om å ta tilbake noko av vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane, men etter at staten overførte store mengder øvrige riksvegar til fylkeskommunane i 2010, så har dette synt seg å være ei oppgåve som er langt større enn det som er muleg å få til med det fylkeskommunale økonomiske handlingsrommet. Vestland FrP vil difor jobbe for at i tillegg til at det kjem meir øyremerka løyvingar over statsbudsjettet, så vil vi ha på plass eit statleg infrastrukturfond som skal nyttast til å ta att etterslepet på fylkesvegane.

3.2.3 Trafikktryggleik

For Vestland FrP er trafikktryggleik det aller viktigaste området på samferdslesektoren. Vegane våre skal være trygge for alle som nyttar vegen, både bilistane og dei mjuke trafikantane. Vestland FrP ynskjer eit tett samarbeid med Politi, Statens Vegvesen, Trygg Trafikk, samt andre organisasjonar og næringsliv, for å finne dei beste og mest effektive tiltaka for å nå målet om 0 hardt skadde og drepne i trafikken.

Både i drift- og vedlikehaldskontraktene og i planlegginga av nye veganlegg skal trafikktryggleik prioriterast. Vestland FrP vil prioritere investeringsprosjekt som betrar trafikktryggleiken, dette gjeld særskilt skulevegar.

 

3.2.4 Rassikring

Vestland FrP vil jobbe for å auke dei nasjonale rassikringsmidlane, slik at fleire rassikringsprosjekt kan realiserast i Vestland fylke. Prioritering av rassikringsprosjekt skal gjerast etter fagleg fastsette kriterier, men det er viktig å sikre politisk forankring av kriteria, slik at ein er sikker på at ein har felles forståing for korleis ein politisk ynskjer at midlane skal nyttast. Det må gjerast ei kost/nytte vurdering i kvart enkelt tilfelle, der ein vurderer andre alternativ om det ikkje skulle være muleg å sikre ein rassutsett veg innanfor fornuftige økonomiske rammer.

 

3.2.5 Investeringsprosjekt

Det er viktig å gjennomføre ein god prosess for å utarbeide ein god regional transportplan som skal danne grunnlaget for investeringane på fylkesvegane i Vestland dei kommande åra. Prosessen må være open og sikre at innbyggjarar, kommunar og næringsliv får høve til å komme med sine innspel til prioriteringar. Før ny plan er på plass vil Vestland FrP ta utgangspunkt i prosjekta som er prioritert i dei to tidlegare fylka sine regionale transportplanar.

Særskilt vil Vestland FrP prioritere fylkesvegprosjekt som sikrar større bu-, og arbeidsregionar, samt gode kommunikasjonar til region- og kommunesenterfunksjonar. I tillegg vil ein prioritere ferjeavløysingsprosjekt der ein kan nytte driftskostanden over 40 år til å bygge veg.

Vestland FrP vil ved planlegging og prosjektering av vegprosjekt legge vekt på å finne løysingar som gjev meir veg for pengane, samt søke finansieringssamarbeid med kommunar, næringsliv og utbyggjarar der dette er mogleg.

Vestland FrP vil og gjennomføre ei særskilt vurdering i samband med utarbeidinga av regional transportplan av prosjekt som har ein så stor nasjonal eller regional viktighet at dei bør overførast til riksvegbudsjettet. Dette kan være viktige vegar for verdiskaping, samfunnstryggleik, regionalisering eller eksport som staten heilt eller delvis bør ta ansvaret for å realisere.

FrP vil arbeide for å få fleire rasteplassar og «Truckstops» langs både fylkesvegane og riksvegane i Vestland

 

3.3 Riksvegar

Vestland får ein alt for liten del av dei totale samferdsleløyvingane utifrå folketal og eksportverdiane som vert skapt her. Vestland FrP vil jobbe for å kraftig auke desse løyvingane. Det er mange uløyste vegprosjekt som er viktige for Vestland, både på utbetring og nye vegar eller trasear.

E39 er livsnerven på Vestlandet, og ei auka satsing på realisering av delprosjekta på E39 er avgjerande for at landsdelen kan fortsette å skape verdiar for Norge. Ein ferdig ferjefri E39 med gul stripe vil skape enorme verdiar til nasjonen i form av auka konkurransekraft, fleire arbeidsplassar, meir eksport og meir miljøvenlege løysingar. Dette er eit arbeid som vi må samarbeide med dei andre vestlandsfylka om.

 

3.4 Bompengar

Bompengar er ein tilleggsskatt for dei som er avhengige av bilen for å organisere kvardagen. Bompengane råkar usosialt, og tek ingen omsyn til inntekt eller betalingsevne. Lokalpolitikarar frå andre parti nyttar bompengar som ein erstatning for kostnadseffektive prosjekt, og nyttar bompengar for å velje dårlege og dyre løysingar, som igjen må betalast av bilistane.

Vestland FrP vil aktivt arbeide mot bompengar, rushtidsavgift og byvekstavtalar, og vil arbeide for finne alternative løysingar, der bilistane ikkje skal betale ekstra for å bruke vegane. FrP kan berre godta at det vert kravd bompengar for ein ny veg der lokal folkeavrøysting gjev fleirtal for bompengeprosjektet eller at ein veg avløyser ferje eller anna framkomstmiddel der ein i dag må løyse billett.

 

3.5 Hamner og farleier

Vestland FrP vil bidra til å vidareutvikle hamnene i Vestland. For å oppnå̊ målsettingar om å få meir gods over til sjøtransport og i tillegg sikre tryggleiken til sjøfarande, vil Vestland FrP arbeide for at det vert innførd ei farleinorm med dimensjon‐ og kvalitetskrav. Merking og vedlikehald av installasjonar langs vestlandskysten har høg prioritet.

Vestland FrP er ein pådrivar for ferdigstilling av Stad Skipstunnel. Dette er eit nasjonalt prosjekt som vil knytte saman kysten på ein heilt ny måte, og det er avgjerande for utviklinga langs kysten at dette prosjektet vert realisert.

Vestland FrP vil støtte forskotering og raskare realisering av fiskerihamnene på Bømlo og i Bremanger.

 

3.6 Digital infrastruktur

Vestland FrP er forkjempar for eit godt fibernett i heile fylket. Det er ei privat oppgåve å bygge ut slike fiberkabelnett,  gjerne i samarbeid med kommune, stat og fylkeskommune. Vestland FrP vil bidra i samarbeid og finansieringar som sikrar betre digital infrastruktur til flest muleg innbyggjarar og næringsliv i fylket.

 

4          UTDANNING

Skulen si viktigaste oppgåve er å gje kvar einskild elev størst mogleg fagleg, sosial og personleg utvikling, basert på individuelle evner og interesser. Kunnskap er ein føresetnad for eit aktivt og engasjert liv, og sjølve grunnlaget for fridom og demokrati. Eit høgt utdannings- og kompetansenivå er òg naudsynt for å styrke Norge si konkurransekraft internasjonalt, og sikre framtidig verdiskaping. Dette legg grunnlaget for levestandarden og velferdsnivået vårt.

Norsk skule må verte vidareutvikla for å møte utfordringar i framtida. Einskapsskulen må erstattast av mangfald, tilpassa opplæring og fokus på individuelle eigenskapar. Læraren sin posisjon må verta styrka, og samarbeidet mellom skule og næringsliv må betrast.

Ein framtidsretta kunnskapsskule føreset òg trygge rammer for elevane. Mobbing, trakassering, tjuveri og vald kan aldri aksepterast. Dialog er viktig for å bevare respekt for kvarandre, men nokre gonger er ikkje velmeinte antimobbeplanar nok. Dersom ikkje anna hjelper, ynskjer Vestland FrP at mobbarane vert flytta til andre skular, slik at nettverka deira vert brote og dei får høve til å endre åtferd.

Vestland FrP vil arbeide for å redusere fråfallet i vidaregåande skule. Vestland FrP vil styrke skulehelsetenesta, og betre samarbeidet med kommunane om overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande skule. Vi vil trekke inn andre faggrupper i skulane og vurdere ein modell med tverrfaglege meistringsteam som kan gje einskildelevar individuell oppfølging.

Vestland FrP vil:
  • Utvikle ein framtidsretta kunnskapsskule med fokus på elevane si faglege, sosiale og personlege utvikling, basert på evne og interesser.
  • slå hardt ned på mobbing og kriminalitet i skulen.
  • oppretthalde mobbeombod.
  • oppretthalde psykologteam.
  • etablere systematiske tiltak mot fråfall i den vidaregåande skulen.

4.1 Finansiering og organisering

Framstegspartiet meiner at finansieringa av skulane er ei fellesoppgåve. Og at det er viktig at ungdom får tilbod om utdanning uavhengig av foreldre/føresette sin økonomi. Staten finansierer i dag den vidaregåande opplæringa gjennom eit rammetilskot til fylkeskommunen. Framstegspartiet ynskjer å endre dette, slik at skulane får tilskot direkte frå staten, basert på tal elevar skulen har, etter prinsippet om stykkpris. Tilskotet per elev skal dekke kostnadane til undervisning, bøker, materiell og utstyr, uavhengig av lineval. Stykkprisen må tilpassast kostnadane på dei ulike studieretningane, slik at skulane økonomisk maktar å gje eit bredt tilbod av vidaregåande kurs, spesielt innafor yrkesfaglege studieretningar. For å sikra at alle med nedsett funksjonsevne har eit tilbod om vidaregåande opplæring, vil Vestland FrP ha auka stykkpris for denne gruppa.

Fram til staten har endra finansieringssystemet, ynskjer Vestland FrP å innføre stykkprismodellen for Vestland fylke, slik at pengane fylgjer eleven til den einskilde vidaregåande skule, og at eleven står fritt til å velja skule i heile fylket.

Framstegspartiet vil at kostnadane til undervisning, bøker, materiell og utstyr vert dekka, uavhengig av linjeval. Vestland FrP vil arbeide opp mot staten for å innføre ei ordning med bok- og materialkort som gjev elevane rekvisisjon på bøker i tråd med pensumliste og materialliste. På den måten vil ein sikre at alle får tilgang til naudsynte bøker og utstyr, men at eleven sjølv kan velje leverandør. Dette sikrar eit forsvarleg tilbod av skulebøker og – utstyr gjennom fri konkurranse og valfridom for eleven.

Vestland FrP vil i den komande perioden arbeide for å ruste opp den teknologiske infrastrukturen i den vidaregåande skulen. FrP meiner at Vestland fylkeskommune bør være eit av dei leiande utdannings.- og kompetansefylka i landet. I denne målsettinga er digitale læremiddel og bærbare PCer/ipad til alle elevar eit viktig verkemiddel. Like viktig er moderne undervisningsutstyr og maskiner ved dei yrkesfaglege studieretningane. Vestland FrP vil difor auke løyvingane til innkjøp av moderne utstyr til dei vidaregåande skulane.

Vestland FrP vil føra vidare fritt skuleval i Vestland fylkeskommune. Fritt skuleval, kombinert med stykkprisfinansiering, er eit fleksibelt system som set eleven sine ynskje og behov i sentrum. Ved at pengane følgjer eleven, vert skulane nøydd til å skjerpe seg fagleg og pedagogisk. Skulane sine inntekter vert avhengig av eleven og dei føresette sine val. Dette vil over tid skape sunn konkurranse mellom skulane, og samla heve kvaliteten på undervisningstilbodet. I delar av regionen står ein ovanfor ei stor utfordring med elevtalsnedgang dei komande åra. Målet er å gje eit mest mogleg heilskapleg skuletilbod av høg kvalitet og breidde, der færrast mogleg elevar må bu borte frå heimen.

Framstegspartiet er open for at bygging av nye skular kan gjerast av private aktørar som OPS- prosjekt (offentleg- privat samarbeid). Slike prosjekt kan gje ein monaleg samfunnsøkonomisk gevinst, rask gjennomføring og full finansiering frå start.

Vestland FrP vil:
  • tilføre dei vidaregåande skulane meir ressursar, og spesielt satse på moderne digitale læremiddel og utstyr.
  • føra vidare fritt skuleval for alle elevar.
  • at elevar skal ha høve til å ta vidaregåande utdanning innafor eige fylke.
  • fullføre utbygginga av dei vidaregåande skulane i fylket basert på skulebruksplanen for Vestland.
  • Tilsette skuleleiarar på åremål
  • Opne for reklamefinansiering og sponsing av skulemateriell og datamaskiner.
  • Vurdere styrka skular med tilrettelagt undervisning for elevar med store åtferdsproblem.
  • Stimulere til samarbeid med kommunane om tilpassa utdanningstilbod for elevar med nedsett funksjonsevne.
  • Opne opp for at private aktørar kan eige og drifte skulebygg.

4.2 Målingsverkty og resultat

Framstegspartiet meiner god leiing er viktig for skulen si utvikling. Vi vil fokusere på eit godt samarbeid mellom skule, elevar og foreldre, på eit godt læringsmiljø, god kompetanse, kvalitet og resultat. Skulen skal vera ein lærande organisasjon i stadig utvikling. Evaluering og resultat på skulen skal være offentlege.

Framstegspartiet vil at det framleis skal være eit evalueringssystem basert på karakterar, men òg andre evalueringsformer vil være nyttige som eit korrektiv til karakterane. Det er viktig at elevane lærer seg at dei i arbeidslivet vil bli evaluert fortløpande, og at skulen fungerer som ei førebuing til yrkeslivet.

Dersom skuleresultata vert haldne hemmeleg, kan dette lett verta ei sovepute for skulane og skuleeigar. Viktig forbetringsarbeid kan gå tapt. Dersom resultata vert gjort offentleg, vil skulane verte nøydd til å betre undervisninga for å vinne elevane si gunst i eit system med fritt skuleval. Resultatet er at alle skulane må gjere ein ekstra innsats, noko som over tid vil komme elevane til gode. Vestland FrP går difor inn for at skuleresultata skal gjerast offentleg, og brukast aktivt i forbetringsarbeidet i den vidaregåande skulen.

FrP vil legge til rette for auka foreldre- og elevmedverknad i skulen. Lærarevaluering er viktig som grunnlag for forbetring i lærarstaben. Dette for å kunne setje inn målretta tiltak som gjev elevane eit best mogleg tilbod. Læraren er den viktigaste personen i læringsprosessen, og mindre gode lærarar kan øydelegge mykje for ein elev sin motivasjon og lærevilje. Vestland FrP vil arbeide for at dyktige lærarar vert påskjøna, og at lærarar vert gjeve høve til personleg utvikling gjennom etter- og vidareutdanning. Dersom det vert dokumentert at einskildlærarar over tid ikkje meistrar lærarrolla, må desse kunne omskulerast/avskjedigast.

Vestland FrP vil:
  • ha openheit om læringsresultat, evaluering og tilsynsrapport i den vidaregåande skulen.
  • ha systematisk forbetringsarbeid i skulane.
  • Satse på god rådgjeving for elevar med tanke på linjeval og fagkombinasjonar.
  • Påskjøne dyktige lærarar, og gje lærarane høve til personleg utvikling gjennom etter- og vidareutdanning.

4.3 Vidaregåande opplæring


Fylkeskommunane har ansvar for den vidaregåande skulen. Vestland FrP vil arbeida for ein skule der valfridom, kunnskap og kvalitet står i fokus. Elevane skal kunne velje mellom alternative studieretningar og fagkombinasjonar slik at kvar enkelt får ein skulegang og ei utdanning som er tilpassa eigne evne og interesser.

Studiespesialisering skal fokusere på kjernefag som norsk, realfag, bruken av informasjonsteknologi og framandspråk. Vestland FrP vil og styrke arbeidet med entreprenørskap i den vidaregåande skulen, til dømes gjennom tilbod som Ungt Entreprenørskap. Vidare vil Vestland FrP vidareutvikle samarbeidet med høgskule- og universitetsmiljøa i Vestland, for eksempel Universitetet i Bergen, NHH og Høgskulen på Vestlandet.

Vestland FrP er og positiv til samarbeid med kommunane om 8-13 skular der dette er aktuelt. Samlokalisering av ungdomstrinnet og vidaregåande skule vil kunne gje rom for meir differensiert undervisning tilpassa utviklinga til den einskilde elev, og redusere spranget frå grunnskule til vidaregåande opplæring.

Vestland FrP meiner det må satsast betydeleg sterkare på yrkesfaglege studieretningar. Tilbodet må utviklast i nært samarbeid med næringslivet og partane i næringslivet. Næringslivet sine behov må vera førande for dimensjonering av utdanningstilbodet, og lærebedriftene må i større grad trekkjast inn i undervisninga. Vidare må både praksis- og teoriundervisning på yrkesfaglege studieretningar tilpassast den verda eleven møter i yrkeslivet. FrP vil framheve viktigheten av eit samarbeid mellom dei vidaregåande skulane og næringslivet. Dette samarbeidet er spesielt viktig for dei yrkesfaglege studieretningane, men òg i allmenne kurs bør næringslivet trekkjast inn som fagleg kompetanse. I samarbeid med næringslivet må moglegheitene innan yrkesfag verta offensivt marknadsført.

FrP meiner at omfanget av undervisning i teori på yrkesfag bør avgrensast og knytast betre til sjølve yrkesfaget. Vestland FrP går difor inn for ei forsøksordning der elevane på yrkesfag i nokre fag kan velja bort teoretisk undervisning i byte mot meir praktisk undervisning. Vestland FrP er og positiv til ulike tiltak som Vekslingsmodellen og Produksjonsskulen for å skape alternative skuletilbod som er tilpassa elevane.

Vestland FrP vil ha ei ordning med fleksibel studietid der elevane kan ta ei meir aktiv rolle i eigen læring. Dette vil bidra til å utvikle elevane si evne til å planlegge og strukturere arbeidet på ein sjølvstendig måte. Fleksibel studietid skal kunne trekkast frå totalfråværet ved slutten av skuleåret, så lenge den nasjonale fråværsgrensa ikkje vert overskriden.

Vestland FrP vil:
  • Satse på sentrale fag på studiespesialiserande.
  • Innføre fleksibel studietid i den vidaregåande skulen
  • Fjerne den tvungne sidemålsundervisninga, og tilby faget som valfag.
  • Innføre differensiering av opplæringa, slik at elevar får undervisning på sitt nivå.
  • Føre vidare sommarskulen som fast ordning.
  • Tilby skulefrukost på alle dei vidaregåande skulane i fylket.
  • Føre vidare elev- og lærlingombod i Vestland fylkeskommune.
  • Stimulere til samarbeid mellom dei vidaregåande skulane, og samarbeid med høgskule/universitetsmiljøa i fylket.
  • At det skal leggast til rette for tettare samarbeid mellom skule og næringsliv, særleg innanfor yrkesfag, der ein større del av opplæringsansvaret vert overført til næringslivet.
  • Styrke og utvide lærlingordninga med auka tilskot, slik at verksemdene vert meir motivert til å tilby lærlingplassar.
  • At fylkeskommunale vidaregåande skular skal tilby næringslivet oppdragsundervisning på like vilkår som private.
  • Utveksle lærekrefter mellom vidaregåande skular i same geografiske område for å nytte gode lærekrefter på ein rasjonell måte.

4.4 Fagskular

Framstegspartiet meiner at fagskuleutdanning som byggjer på vidaregåande utdanning eller tilsvarande realkompetanse, og som gjev korte, yrkesretta utdanningar, er ein viktig del av det norske utdanningssystemet. Framstegspartiet meiner at fagskuleutdanninga bidreg til å styrka den yrkesretta utdanninga, både gjennom rekruttering av unge i utdanning til yrkesretta utdanningsval, og gjennom etterutdanning av vaksne. Fagskular som er offentleg godkjende, bør ha rett til offentleg tilskot, uavhengig av om dei er offentlege eller private.

Vestland FrP meiner at fagskulane som vert drivne av fylkeskommunen innanfor same fagområde, til dømes dei maritime fagskulane, skal verta drive under ein felles profil.

Vestland FrP vil:
  • Inspirere og oppmode bedrifter, organisasjonar, fagrørsla og bransjar til å etablere fagskular.
  • At fylkeskommunen sine fagskular skal marknadsførast offensivt i samarbeid med næringslivet.
  • At fagskulane skal ha moderne og tenlege lokalitetar.

4.5 Vaksenopplæring

Vestland fylkeskommune tilbyr òg vidaregåande opplæring for vaksne. Vaksenopplæringa kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse. Vestland FrP vil vidareutvikle dette tilbodet, og prioritere søkjarar med vaksenrett.

Vestland FrP vil:
  • Utvikla vaksenopplæringssentra med eit desentralisert tilbod ute i kommunane etter behov.

 

5       KULTUR OG IDRETT

Vestland FrP ynskjer eit levande kulturliv basert på personleg engasjement og fritt for politisk styring. Kultur er eit vidt begrep som omfattar alt som kjenneteiknar nasjonen og folket. Den er resultatet av dei val og verdiar vi har samla oss om, åndeleg og materielt. Vestland FrP ser det som ei viktig oppgåve å verne om vår norske kulturarv.

 

5.1 Eit levande kulturliv

Framstegspartiet sin kulturpolitikk byggjer på prinsippet om toleranse og ytringsfridom. Det som er kultur for den eine, treng ikkje nødvendigvis være det for andre.

Mykje av trivselen for folk er knytt til opplevingar på det kulturelle området. Lag, foreiningar og enkeltpersonar gjer ein framifrå innsats for å tilby eit variert kulturtilbod. Vestland FrP vil oppmuntre til framleis frivillig innsats, og er positiv til eit tettare samarbeid mellom kultur og næringsliv.

Eit levande kulturliv i bygd og by har stor betydning med tanke på trivsel og livskvalitet. Kulturelle aktivitetar utviklar individuelle, kunstneriske og sosiale ferdigheiter. Dette er ein berikelse for fellesskapet, gjev samhald og auka trivsel.

Biblioteka er viktige kulturinstitusjonar i lokalsamfunna, og der det er naturleg ynskjer Vestland FrP eit tettare samarbeid mellom kommunane og fylkeskommunen om drift og utvikling av bibliotektilbodet.

Der fylkeskommunen løyver pengar til kulturtiltak er det viktig at løyvingane kjem folk flest til gode, og at born og unge vert prioritert.

Vestland FrP vil:
  • prioritere barne- og ungdomsarbeid.
  • stimulere til auka eigenfinansiering i dei etablerte kulturinstitusjonane.
  • vurdere etableringsstøtte til nye kulturtiltak, festivalar o.l.
  • prioritere støtte til kulturnæringar der det er samfunnsøkonomisk lønsamt, f.eks innan filmbransjen.
  • stimulere til tettare samhandling mellom kultur og næringsliv.

 

5.2 Frivillige organisasjonar

Vestland FrP meiner prinsipielt at kulturen må være basert på frivilligheit og personleg engasjement. Vestland FrP ser likevel positivt på eit rikhaldig og mangfoldig organisasjonsliv, og vil bidra til ei rimeleg grad av støtte til lag, foreiningar og enkeltarrangement der det er naudsynt. Støtte til oppstart vil verte prioritert. Slik støtte bør være avhengig av ein betydeleg frivillig innsats, samt inntekter frå næringsliv og kommunar.

Vestland FrP vil:
  • Gje støtte til frivillige organisasjonar basert på ein vesentleg del eigeninntekt og/eller eigeninnsats.
  • Opne for gratis leige av fylkeskommunale bygg og anlegg til kultur og idrettsføremål.

 

5.3 Idrett og friluftsliv

Vestland FrP vil prioritere barne- og ungdomsidrett. Dette kan best skje gjennom et nært samarbeid med idrettsorganisasjonane, og at det ytast praktisk og økonomisk støtte til det betydelege arbeidet som desse organisasjonane gjer. Ved prioritering av fylkeskommunale tilskot og tippemidlar til anlegg skal breiddeidretten prioriterast.

Sikring og tilrettelegging av friluftsområde er eit prioritert tiltak for Vestland FrP. Friluftsliv passer for alle aldersgrupper på tvers av generasjonane, og gjev eit vesentleg bidrag til folkehelsa. Vestland FrP ynskjer å sikre flest muleg tilgang til skog og mark med dei mogligheiter allemannsretten gjev for friluftsliv og fri ferdsel i utmark. Vestland FrP vil legge til rette for eit aktivt friluftsliv i samarbeid med friluftslivets eigne organisasjonar. Vestland fylke har og ei lang kystline som gjev store mogligheiter for friluftsliv og med plass til alle. Vestland FrP  meiner at det offentlege gjennom Plan- og bygningsloven skal sei ja til grunneigarar sitt ynskje om bygging av hus og hytter på eigen eigedom, men at det og skal leggast til rette for offentlege friluftsområde.

Vestland FrP vil spesielt prioritere at dei med nedsett funksjonsevne og skal ha eit fullverdig tilbod innan idrett og friluftsliv.

Vestland FrP vil:
  • Prioritere barne og ungdomsidrett og aktivitetar for dei med nedsett funksjonsevne.
  • Bidra til utbygging av idrettsanlegg og friluftsanlegg.
  • Legge forholda til rette for å etablere anlegg for idrettsgreiner som ikkje har anlegg i dag.
  • Der det er naturlig søke samarbeid med kommunane om felles bygg- og anlegg.
  • Auke støtta til drift og vedlikehald av friluftsområde.
  • I dei tilfelle det offentlege kjøper friluftsområder, skal det skje til marknadspris

 

5.4 Dataspel

Elektronisk konkurransespeling ved bruk av datamaskiner, spelkonsoll eller mobile einingar (e-sport) er spådd å verte verdas største konkurranseaktivitet målt i tal sjåarar i løpet av få år. Stort sett alle barn og unge i alderen 9-18 år driv med elektronisk speling eller gaming som det vert kalla, og mange tusen norske spelarar spelar i e-sport konkurransar, turneringar og ligaer. Samstundes gjer mangel på treningsfasilitetar og lokale klubbar at ein heil generasjon unge har svært få eller ingen muligheiter til å drive med aktiviteten innanfor det organiserte idretts- eller fritidstilbodet.

Vestland FrP meiner at Fylkeskommunen må ta ein aktiv rolle for å utvikle e-sport på alle nivå i Vestland fylke. Fylkeskommunen bør utarbeide ein eigen dataspel strategi med klare mål og verkemiddel for korleis ein betre kan legge til rette for dataspel og e-sport. I strategien skal ein særleg leggje vekt på:

  • Behovet for ytterlegare satsing på e-sport i vidaregåande opplæring.
  • Korleis fylkeskommunen kan bidra til meir kunnskap og kompetanse om dataspel og e-sport i samfunnet.
  • Korleis fylkeskommunen kan bidra til etablering og drift av lokale treningslokalitetar for spelarar.
  • Korleis fylkeskommunen kan bidra til etablering av lokale og regionale dataspel miljø, konkurransar, turneringar og møteplassar.
  • Korleis fylkeskommunen kan støtte og bidra til større internasjonale e-sport hendingar i Vestland
  • Kva verkemiddel fylkeskommunen kan nytte i samarbeid med kommunar, organisasjonar, næringsliv og eldsjeler for å bygge opp lokale lag og spelarar på internasjonalt nivå.

 

5.5 Kulturinstitusjonar

Kulturinstitusjonar som i dag sorterer under fylkeskommunen er i stor grad allereie organisert som sjølvstendige einingar/stiftingar. Framstegspartiet vil arbeide for at dei fylkeskommunalt eigde institusjonane vert sjølveigande, økonomisk fristilte einingar.

 

5.6 Kulturminnevern

Framstegspartiet ynskjer å verne om norsk kultur og kulturarv. Bevaring av eit representativt utval kulturminner er viktig for samfunnet. Den norske kulturarven representerer store verdiar, og er med å gje nasjonen og innbyggjarane sin identitet. Det skal samstundes ikkje være slik at alle objekt som kan omtalast som kulturminne skal ha like sterkt vern.

Fylkeskommunen har eit stort ansvar innan kulturminnevern. Vestland FrP vil utøve dette ansvaret med forsiktigheit og alltid i dialog med den aktuelle kommune og grunneigar. Vestland FrP vil og arbeide for at kommunane får større påverknad på kulturminnevernet innanfor eigne grenser. Fylkeskommunen skal være forsiktig med å nytte sin innsigelsesrett i slike saker.

Vestland FrP vil:
  • arbeide for at kommunane får større innflytelse på kulturminnevernet i eigen kommune.
  • arbeide for at staten tek det økonomiske ansvaret for arkeologiske utgravingar
  • arbeide for auka statlege tilskot til kulturminnevern, spesielt der private sitt med eigarskap og ansvar for viktige kulturminne
  • styrke arbeidet med fartøyvern for å bevare viktig kystkultur

6          KLIMA OG MILJØ

 Framstegspartiet vil ha eit samfunn basert på mest muleg frivilligheit og minst muleg reguleringar. I eit slikt samfunn er lovverket si viktigaste oppgåve å hindre at nokon skadar andre sitt liv eller eigedom. FrP vil gjere dette synet gjeldande og i miljøpolitikken. Miljøvernlovgjevinga må bygge på sentrale prinsipp som likskap for loven og vern av folk sine liv, helse og eigedom.

Vestland FrP vil arbeide for at verneplanar og verneinteresser ikkje skal gå utover den private eigedomsretten eller legge hindringar for næringsaktivitet.

I tråd med prinsippet om at forureinar skal betale, meiner Vestland FrP at fylkeskommunen skal ivareta miljøvern i eigen verksemd.

Vestland FrP er positiv til den miljøutviklinga vi ser i næringslivet med auka investeringar i nytt produksjonsutstyr og teknologi.

Vestland FrP går inn for at miljøproblema i Bergen med støy og støvforureining søkast løyst gjennom ei todelt satsing; – utviding av kollektivtilbodet i Bergensregionen og bygging av Ringveg Øst for å lede gjennomgangstrafikken utanom Bergen sentrum.

Vestland FrP er positive til auka bruk av el-bilar, hybrid og bilar med meir miljøvenlege drivstoffkjelder. Infrastruktur knytt til alternative energikjelder må byggast ut.

Vestland FrP meiner det må leggast til rette for bruk av landstrøm i hamnene, og at det i periodar med dårleg luftkvalitet i Bergen må være muleg å lede skipsflåten til andre hamner i regionen.

Vestland FrP vil:
  • at verneplanar og verneinteresser ikkje skal gå utover den private eigedomsretten.
  • at det ikkje skal løne seg å forureine. Den som forureinar skal og stå ansvarleg for opprydding.
  • at miljøproblem knytt til biltrafikk løysast gjennom utviding av kollektivtilbodet og vegbygging som kan legge trafikkerte vegar utanom tettbygde strøk.

.

6.1 Oljevernberedskap

Med stor aktivitet langs kysten av Vestland, med oljeinstallasjonar, skipstrafikk og oljebasar, ser Vestland FrP på oljevernberedskap som ei svært viktig oppgåve. Med stor skipstrafikk frå Nordsjøen er det nødvendig at oljevernberedskapen i Vestland får et løft, og at det er nok slepebåtkapasitet. Vestland FrP vil ovanfor sentrale myndigheiter krevje at kyst- og oljevernberedskapen styrkast med naudsynte deponi for oljevernutstyr og slepebåtar.

Vestland FrP vil:
  • arbeide for å styrke kyst- og oljevernberedskapen
  • arbeide for å re-etablere oljeverndepotet på Fedje.
  • arbeide for at kvikksølvet i U864 ved Fedje vert heva.

 

6.2 Vindkraft

Vestland FrP er tilhengar av ei sterk satsing på fornybar kraft.

Både vasskraftutbygging, kraftlinjer, tilførselsvegar og vindmøller setter spor i landskapet som er synlege, og som av mange oppfattast som forstyrrande og negative element. Dimensjonane over vindkraftanlegga gjer at slike i større grad enn anna utbygging i landskapet vekker lokal bekymring. Vestland FrP vil difor ha ei restriktiv haldning til ei vidare utbygging av store vindkraftprosjekt på land.

Negative konsekvensar for naturmangfald, friluftsliv og turisme skal særleg vektleggast i handsaminga av nye vindkraftprosjekt.

For FrP er likevel lokaldemokratiet viktig, og saker som angår eigen kommune bør i størst muleg grad bestemmast av lokale politikarar som innbyggarane sjølv vel i lokalval.

Vestland FrP vil at både energi- miljø- natur- og lokale omsyn må ligge til grunn for plassering, dimensjonering og utbygging av vindkraftanlegg, i tillegg til at eigedomsretten må respekterast. Difor legg vi til grunn at etablering av vindparkar må bygge på lokal tilslutning frå berørte kommunar.

Vestland FrP ser stort potensiale i vindkraft til havs, og vil legge til rette for dette og utanfor kysten av Vestland.

 

6.3 Vasskraft

Vestland FrP ser at rein og fornybar elektrisk energi er svært etterspurt i heile Europa. Med bakgrunn i ny miljøteknologi og kunnskap ynskjer Vestland FrP at vernestatusen til ein del vassdrag vert vurdert på ny med tanke på utnytting av vassdragsressursane. Ein må så langt som mogeleg  unngå utbygging i vassdrag som har en særlig viktig verdi for turisme og fiske. Med moderne teknologi og kunnskap om økologi og andre relevante vitskapar kan store verdiar skapast utan for omfattande inngrep i naturen. I høve til lokal kunnskapsbasert leverandørindustri, norsk handelsbalanse, økonomisk vekst i Europa og  til det globale miljøet kan dei positive ringverknadane verte svært store.

 

7          TANNHELSE

For å sikre eit best mogleg og desentralisert tannhelsetilbod til innbyggjarane i Vestland vil vi arbeide for at tannhelsa vert eit kommunalt ansvar. Så lenge tannhelse til enkelte grupper er eit fylkeskommunalt ansvar vil Vestland FrP arbeide for å sikre eit best muleg tannhelsetilbod.

Det vil være fornuftig at fylkeskommunen samarbeider med privatpraktiserande tannlegar for å gje eit best muleg tilbod til innbyggjarane. Dette kan blant anna gjerast gjennom å lyse tannhelsedistrikt ut på anbod.

Tannklinikkane må drivast effektiv, samstundes som ein sikrar gode fagmiljø og nærleik til tenesta. Klinikkane må likevel være store nok til at fordelinga mellom dei ulike yrkesgruppene i tannhelsetenesta vert utnytta optimalt og at ein har sterke fagmiljø og god  utnyttingsgrad av klinikkar og utstyr.

Vestland Frp meiner at oppgåvefordeling mellom tannlegar og tannpleiarar skal vere slik at tenestene vert ytt på det fagleg BEST eigna omsorgsnivået, også kalla BEON prinsippet. Tannpleiarar bør ha førstelineansvar for prioriterte pasientgrupper. Auka opningstider gjev pasientane, særleg dei med lang reiseveg, større tilgjenge til tannklinikkane.

Vestland FrP vil:
  • ha ein effektiv struktur som gjev gode tilbod og sterke fagmiljø
  • at det skal finnast offentlege tannklinikkar innan akseptabel reisetid for brukarane
  • utvide opningstider og auke kapasiteten på klinikkane

8          NÆRINGSLIV OG VERDISKAPING

Utan eit næringsliv som skaper verdiane er det heller ikkje pengar til å løyse viktige offentlege oppgåver. Familiane og den enkelte sin økonomi, arbeidsplassane og kvaliteten på offentlege velferdstenester avhenger av næringslivet si konkurransekraft og evne til å utvikle og fornye seg. Vestland FrP vil legge forholda til rette for at næringslivet får friare spelerom slik at det skapast ytterlegare verdiar.

Lover, løyver, konsesjonar, dispensasjonar og bevillingar legger ofte unødige hinder i vegen for produksjonen. Vestland FrP vil difor, så langt det er muleg, redusere eller fjerne bruken av desse. Byråkratiet, skjemaveldet og forskriftsjungelen må reduserast, og med mindre det er klare grunnar som tilseier noko anna, skal søknader få «JA».

Fylkeskommunen si viktigaste oppgåve i næringspolitikken er å leggje til rette for næringsutvikling som gjev arbeidsplassar og velstand. Vestland FrP går inn for partnarskapsløysingar mellom offentlege instansar og private verksemder der ein stimulerer investorar til å satse risikokapital og å nytte kompetanse til  næringsutvikling.

Private firma kan utføre ei rekke oppgåver som i dag vert utført av det offentlege. Konkurranse er positivt, den får deltakarane til å yte sitt beste, noko vi bør utnytte i næringssamanheng. Dette vil sikre meir effektive tenester, betre kvalitet, og større valfridom for brukarane av tenestene.

Vestland FrP vil stille krav om at bedriftsretta økonomiske tiltak vert nytta til å stimulere etablering av nye verksemder og gründerar. I tillegg bør ein satse på verksemder som kan ha ein positiv effekt for større geografiske område. Å skape arbeidsplassar i etablerte næringsklynger og å utvikle større felles bu‐ og arbeidsmarknader er også politiske mål for Vestland FrP.

Vestland FrP vil:
  • jobbe for meir privat risikokapital til etablering av arbeidsplassar i fylket
  • styrkje verkemiddelapparatet til framtidstetta næringsutvikling
  • prioritere satsing i større bu‐ og arbeidsmarknader

 

8.1 Akvakultur


Oppdrett av laks og regnbogeaure er ei stor og eksportretta næring som sysselset mange i Vestland, der næringa har potensial til å vekse mykje. Fylkeskommunen tildeler i dag lokaliteter for oppdrett av fisk i sjøen. Det er viktig både for næringa og for miljøet at handsaming av lokalitetssøknader går hurtig. FrP vil prioritere god bemanning for slik sakshandsaming. Dette for at oppdrettsaktørar raskt skal kunne forlate lokaliteter som er negative for det ytre miljøet til fordel for betre lokalitetar. Det er viktig at ein ved tildeling av nye lokaliteter for oppdrett av fisk i sjø tek omsyn til villaksstammane.

Vestland FrP meiner at arealavgrensingar for oppdrett av fisk i sjø i stor grad bør følgje av miljø og veterinærfaglege vurderingar, samt for å trygge ålmenn ferdsle og ikkje være til hinder for annan næringsveg på sjøen.

Vestland FrP ønskjer fri tilgang til EU-marknaden også for laksefisk, særleg med tanke på tilverka produkt. Laksefisk og produkt basert på slikt råstoff har i dag ikkje fri marknadstilgang frå Norge til EU gjennom EØS-avtalen, men berre gjennom kortsiktige og særskilte avtalar og gjensidig forståing.

Tilverking av laks rett etter slakting gjev store positive ringverknader med tanke på arbeidsplassar og auke i eksportverdi. Høgare tilverknadsgrad i tilknyting til slakteriet gjev også store miljøgevinstar med mindre trafikk på vegane, då eit langt lågare volum skal fraktast ut av landet.

Vestland FrP vil støtte etableringa av visningsanlegg og andre prosjekt for å auke kunnskapen om havbruksnæringa og skape fleire reiselivsprodukt.

 

8.2 Fiskeri

Fiskeri er ein viktig og variert næringsveg i Vestland. Vestland FrP meiner at alle lovlydige næringsaktørar i heile Norge skal handsamast likt frå styresmaktene si side uansett kvar dei har heimeadresse. Fiskarar frå alle delar av landet skal kunne delta i fiskeriet langs heile kysten utan å verte diskriminert på grunnlag av bustad eller heimeadresse for firma og/eller fartøy. Fiskarane må og kunne levere sin fangst til det godkjende norske mottaket/pakkeriet ein sjølv måtte ønskje.

Vestland FrP meiner at ein ikkje må prioritere andre næringsvegar føre fiskerinæringa i høve til handelshindringar og internasjonal handel.

 

8.3 Landbruksnæringa

Vestland FrP er svært positive til dei omleggingane av landbrukspolitikken som regjeringa fører. Ein vektlegg no å gje gode vilkår for heiltidsbønder som ynskjer å samle større einingar og som investerer framtidsretta i driftsbygningar og anna produksjonsutstyr. Ein må ikkje hindre bønder som satsar med unødige restriksjonar, byråkrati og overdrivne miljøkrav.

Vestland FrP ynskjer å utvida ordninga med tilskot til investeringar i framtidsretta driftsbygningar for å sikra framdrift i moderniseringa av landbruket.

Framstegspartiet hegnar om den grunnlovfesta eigedomsretten, og den skal og gjelde for dei som eig landbrukseigedomar. Konsesjonslover, bu‐ og driveplikt, overdrive arealvern og unødige restriksjonar på omsetnad av heile eller delar av landbrukseigedomar er i strid med denne allmenne forståing av retten til å bestemme over sin eigen private eigedom.

Framstegspartiet meiner at konsesjonslovane, bu‐ og driveplikta, miljørestriksjonane og eit stort byråkrati, hemmar landbruket. Vestland FrP meiner at ved å ha ein landbrukspolitikk som har fokus på fornying, forenkling, og effektivisering vil være det som kan ta norsk landbruk inn i framtida.

Vestland FrP vil:
  • abeide for reduksjon i skattar og avgifter til landbruksnæringa
  • arbeide for å fjerne konsesjonslovgivinga og kvoteordningar
  • arbeide for å redusere eit unødvendig stort landbruksbyråkrati
  • arbeide for å mjuke opp strenge miljørestriksjonar, slik at den enkelte bonde kan utnytte sine naturressursar på ein fornuftig og framtidsretta måte
  • arbeide for å endre rovdyrpolitikken slik at beitedyr kan utnytte skog og mark utan rovdyrtrussel
  • arbeide for å redusere samvirkeorganisasjonane sin monopolsituasjon til fordel for ein fri marknad
  • arbeide for at det og i landbruket skal lønne seg å investere, gjennom at den reelle marknadsverdien skal leggast til grunn ved omsetning av landbrukseigedommar

 

8.4 Reiseliv

Reiselivsbransjen er ei stor næring som gjev store inntekter til Vestland. Potensialet for vidare utvikling er stort. Reiselivsnæringa er viktig for sysselsetting og verdiskapning i heile landet, og særlig i distrikta. Reiselivet i Vestland har et stort potensial for vekst, ikkje minst fordi fylket har særeigne kvalitetar i form av spannande natur og kultur som er attraktiv i den internasjonale marknaden. Vestland FrP meiner at denne næringa i langt større grad må på den næringspolitiske agendaen slik at rammebetingelsar kan forbetrast. Det offentlege si viktigaste oppgåve er å sørge for koordinert marknadsføring av næringa i utlandet, og Vestland FrP vil vidareføre støtta til Fjord Norge som destinasjonsselskap for Vestlandet. Bergen sin posisjon som The gateway to the fjords må styrkast, ikkje minst som internasjonal snuhamn for cruisenæringa.

Vestland FrP vil:
  • arbeide aktivt for at Bergen vert styrka som ei internasjonal snuhamn for cruisenæringa.
  • styrke merkevarebygginga av Vestlandet som reisemål både nasjonalt og internasjonalt.
  • handsame reiselivsnæringa på lik linje med andre konkurranseutsette næringar.

 

8.5 Maritim næring

Moglegheitene for framleis vekst innanfor maritim sektor er stor. Vestland har eit konkurransefortrinn ut frå naturgitte føresetnader og omfattande kompetanse utvikla gjennom generasjonar.

Den maritime næringa har i periodar hatt uføreseielege rammer, for eksempel har nettolønnsordninga vore under press. Stabile rammevilkår, forutsigbarheit og satsing på kompetanse er ein føresetnad for vidare vekst i næringa. Vestland fylkeskommune må m.a. legge til rette for eit moderne utdanningstilbod for rekruttering til den maritime klynga.

Vestland FrP vil:
  • arbeide med sentrale myndigheiter for å sikre rammebetingelsar som fremmar vekst for norsk maritim verksemd.
  • Prioritere maritim utdanning og rekruttering av norsk ungdom til sektoren.

 

8.6 Olje- og gassverksemd

Petroleumsnæringa er svært viktig for økonomien i Vestland. Næringa står for betydeleg sysselsetting, og bidreg til både industriell- og teknologisk utvikling. Fylket har i dag landets mest komplette kompetansemiljø innan offshoretenester og subsea.

Vestland FrP meiner at teknologiutvikling innan petroleumssektoren er svært viktig for framtidig verdiskaping i Norge. Teknologi og kunnskap frå næringa kan med fordel overførast til andre næringar, f.eks innan større infrastrukturprosjekt i samferdslesektoren.  Vestland fylkeskommune må difor bidra til at teknologi- og kompetansemiljøa det har teke fire tiår å bygge opp ikkje forvitrar. Fagmiljøa innan petroleumsnæringa sitt og på verdifull kompetanse som kan nyttast innan arbeidet med fornybare energikjelder.

Vestland FrP vil:
  • Vidareutvikle petroleumsnæringa, og bidra til kompetanseoverføring til andre næringar.