Hovudsaker Vestland FRP 2019-2023

 

JA-fylket Vestland

Samanslåinga av Sogn & Fjordane og Hordaland til Vestland fører på godt og vondt til endringar, både i den fylkeskommunale forvaltninga og for innbyggjarane. Vestland FrP er oppteken av at endringane skal gjere fylkeskommunen og tenestetilbodet til innbyggjarane betre. Vi skal skapa vekst og utvikling i heile det nye fylket. Det krev eit stabilt og handlekraftig fleirtal i det nye fylkestinget, og DI stemme kan væra avgjerande.

 

Gode og trygge vegar

Vestland FrP vil:

  • Byggje saman nye Vestland med betre infrastruktur – stam- og fylkesvegar
  • Sikre skulevegar med nye gang- og sykkelveg prosjekt
  • Arbeida med forenkla utbygging som gjev meir veg for pengane
  • Prioritere nye fylkesvegprosjekt som sikrar større bu- og arbeidsregionar
  • Støtte ferjeavløysingsprosjekt på fylkesveg

 

Bompengar

Vestland FrP vil aktivt arbeide mot bompengar, rushtidsavgift og byvekstavtalar, og vil arbeide for finne alternative løysingar. Bilistane skal ikkje betala for alt anna enn veg. Vestland FrP vil rive ytre bomring i Bergen, og ha gratis sidevegar på eksisterande bomprosjekt.

 

Klima og miljø

Vestland FrP vil:

  • Bidra til å følgja opp Noregs internasjonale forpliktingar om reduksjon av klimagassutslepp
  • Fase inn ny klimavenleg teknologi i kollektivsektoren
  • Energieffektivisering i eksisterande bygg
  • Nybygg skal byggjast som lavutslepshus Bekjempa plast i havet

 

Kollektiv

Vestland FrP vil:

  • Styrkja busstilbodet både i Bergensområdet og i distrikta – betre korrespondanse mellom buss, ferje og hurtigbåt
  • Sei nei til vidare utbygging av Bybane over Bryggen til Åsane, og satse på eit moderne og langt billegare bussalternativ
  • Vidareutvikle og satse på hurtigbåtruta Nordfjord-Bergen, samt betra korrespondanse mot Sunnhordlandsruta
  • Når Stad Skipstunnel er på plass skal båtruta utvidast til Ålesund
  • Oppretthalda båtskysstilbod der det ikkje finst andre transportalternativ
  • Stimulere til hurtigare og meir miljøvenleg hurtigbåtar
  • Oppretthalda dagens ferjetilbod – også når ny klimateknologi vert teken i bruk

 

Utdanning og fagskule

Vestland FrP vil:

  • Ha fritt skuleval i heile Vestland
  • Utvikle ein framtidsretta kunnskapsskule med fokus på elevane si faglege, sosiale og personlege utvikling, basert på evne og interesser
  • Slå hardt ned på mobbing og kriminalitet i skulen
  • Oppretthalda mobbeombod og psykologteam
  • Etablere systematiske tiltak mot fråfall i den vidaregåande skulen
  • Inspirere og oppmode bedrifter, organisasjonar, fagrørsla og bransjar til å etablere fagskular
  • At fylkeskommunen sine fagskular skal marknadsførast offensivt i samarbeid med næringslivet.
  • At fagskulane skal ha moderne og tenlege lokalitetar
  • Satse på fag-og yrkesutdanning – mindre teori på yrkesfag
  • Valfritt sidemål i vidaregåande skule
  • Utarbeide desentralisert høgskuletilbod i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet

 

Kultur, idrett og e-sport

FrP vil utvikle e-sport på alle nivå i Vestland fylke. Fylkeskommunen bør utarbeide ein eigen dataspel strategi med klare mål og verkemiddel for korleis ein betre kan legge til rette for gaming og e-sport både i vidaregåande skular og idrettsanlegg.

 

Vestland FrP vil:

  • Ha ei klar satsing på e-sport i det nye fylket
  • Prioritere barne- og ungdomsarbeid
  • Stimulere til auka eigenfinansiering i dei etablerte kulturinstitusjonane
  • Vurdere etableringsstøtte til nye kulturtiltak, festivalar o.l.
  • Prioritere støtte til kulturnæringar der det er samfunnsøkonomisk lønsamt, f.eks innan filmbransjen
  • Stimulere til tettare samhandling mellom kultur og næringsliv
  • Prioritere tippemidlar til nye idretts- og nærmiljøanlegg

 

Næringsliv og verdiskaping

Familiane og den enkelte sin økonomi, arbeidsplassane og kvaliteten på offentlege velferdstenester avhenger av næringslivet si konkurransekraft og evne til å utvikle og fornye seg.

 

Vestland FrP vil:

  • Etablera JA-haldning i arealsaker
  • Ha fri tilgang til EU-marknaden også for laksefiske, særleg med tanke på tilverka produkt
  • Styrke merkevarebygginga av Vestlandet som reisemål både nasjonalt og internasjonalt
  • Arbeide for reduksjon i skattar og avgifter til landbruksnæringa
  • Vera ein pådrivar for ferdigstilling av Stad Skipstunnel
  • Arbeide med sentrale myndigheiter for å sikre rammebetingelser som fremmar vekst for norsk maritim verksemd
  • Prioritere maritim utdanning og rekruttering av norsk ungdom til sektoren
  • Vidareutvikle petroleumsnæringa, og bidra til kompetanseoverføring til andre næringar